Bjørn, Emilie & prosessane

Det e no heimen min da! Ein utruleg fin plass å vekse i som ingeniør. Du må få fram at det er ein fantastisk gjeng som jobbar i Prodtex!
— Emilie

Både Emilie og Bjørn jobbar som prosjektleiarar, men er begge designarar i botn. «Desse to er ganske like i måten dei jobbar på. Dei er strukturerte og systematiske. Dyktige og ryddige. Når dei tek tak i ting så blir det svært bra!» seier sjef Sigbjørn om Bjørn og Emilie.

Desse karane skin sola alltid på: Herman, Glenn, Andreas, Tobias, Arild og Bjørn. Rein soliditet!

Bjørn studerte realfag ved UVS før han suste seg til Bergen og tok bachelor i maskiningeniør ved Høgskulen i Bergen i 2014. Tilbake på Hareidlandet jobba han med ulike prosjekt i Ulmatec Engineering, før han tok turen over Eidet til Kleven der han jobba som robotprogrammerar i starten før han begynte som ingeniør innan stålutrustning. Bjørn var tre år hjå P.E. Bjørdal i Ørsta, før han i 2023 byrja i Prodtex.

«Bjørn er verdas beste kollega. Roleg og dyktig. Ein skikkeleg kjekke fyr som innehar den dårlegaste humoren. Vi har det veldig kjekt ilag!» Rikke, ein av våre andre designarar og prosjektleiarar, har delt kontor med Bjørn i mange år, så ho veit kva ho pratar om!

Her er berre kjekke folk og vi har eit godt miljø for å lufte idear. Alle kan kome med sine bidrag og dei blir vurdert seriøst. Om ideen blir forkasta, så blir han iallfall forkasta ordentleg.
— Bjørn

Bjørn jobbar i utgangspunktet som designingeniør men har no vore prosjektleiar for Aker-prosjektet som har vorte gjennomført med stor suksess. «No jobbar eg med sjøsettinga av merdane! Det er ein stor operasjon som krev mykje fintenking. Eg har ein spanande og variert jobbkvardag. Det kan vere alt frå  fokus på små detaljar til enorme stålkonstruksjonar. Eg får utfordra meg sjølv og her er alltid noko nytt som ikkje ein kan sjå tilbake på andre prosjekt for å få svar på.» fortel Bjørn. «Eg trivast veldig godt her. Her er berre kjekke folk og vi har eit godt miljø for å lufte idear. Alle kan kome med sine bidrag og dei blir vurdert seriøst. Om ideen blir forkasta, så blir han iallfall forkasta ordentleg.”

Bjørn er veldig grundig og slepp ikkje noko halvvegs. Han har gjort ein fantastisk jobb som prosjektleiar på Aker-prosjektet! Han er veldig lett å samarbeide med og er veldig klar både i tale og på papiret.
— Jostein, designteamet sin sjuande far i huset

Bjørn fortel engasjert om arbeidsmiljøet sitt: “Her er høg kompetanse på alle område i Prodtex. Vi har klare kompetanseområde og respekterer kvarandre sin kunnskap. Eg er glad eg takka ja til å vere prosjektleiar. Å vere prosjektleiar gir ein meir oversikt over heile prosessen og ein lærer mykje og får ei heilt anna erfaring enn å kun vere ein bidragsytar i designet for eksempel.» Ein prosesselskar der altså.

«Bjørn er veldig grundig og slepp ikkje noko halvvegs. Han har gjort ein fantastisk jobb som prosjektleiar på Aker-prosjektet! Han er veldig lett å samarbeide med og er veldig klar både i tale og på papiret.» Jostein er også klar i talen når han beskriv Bjørn som både designar og prosjektleiar. «Han er behageleg og er svært nøyen i alt han gjer. Ein som ein definitivt vil ha med på laget sitt!» smiler senior designar Jostein, som er leiar og den sjuande far i huset for design.

Bjørn starta som robotoperatør, men no jobbar han som designingeniør og prosjektleiar. Dei kan det meste desse Prodtexarane!

«Eg har som livsmotto at det meste ordnar seg. Livet byr på så mangt og eg kjenner eg har fått ei ro i livet som eg tek med meg inn i jobben min!» avsluttar Bjørn.

Emilie starta si karriere på Høgskulen i Ålesund for 11 år sidan, der ho tok forkurs ingeniør. Turen gjekk vidare til Bergen og Høgskulen på Vestlandet. Her fullførte ho ein bachelor i produksjonsteknikk. Emilie flytta så heim og starta i Kleven med jobbing med offline programmering. «Her fekk eg ei innføring i det meste av ein fin gjeng som delte villig vekk av kunnskapen sin!» fortel Emilie. Den fine gjengen ho refererer til er mellom anna Anders, Geir Johnny og Simon L som i dag også er hennar kollegaer. 

Tre generasjonar på opninga av Elverhøy bru i desember 2023: mamma Toril, morfar Kjartan og Emilie. Stor stas!

Emilie var med frå oppstart av Prodtex i 2018. Her jobbar ho som prosjektingeniør og prosjektleiar. Ho har vore prosjektleiar for både YA bru og Elverhøy bru og no sit ho med havbotnane som skal leverast for AxTech, til Norsk Havteknologisenter i Trondheim. «Eg jobbar med planlegging og produksjonsunderlag for prosjekta. Vi lagar ein 3D modell av produktet og bryt det ned til alle delane som skal produserast. Ei bruksanvisning rett og slett! Eg likar veldig godt alle stega frå designet er satt til alt er klart til produksjon. Ein får smake litt på alt og vere innom alle prosessar og stega i produksjonen.» Ein prosesselskar til her ja.

«Det e no heimen min da! Ein utruleg fin plass å vekse i som ingeniør. Du må få fram at det er fantastisk gjeng som jobbar i Prodtex!» Emilie smiler stort. Klar i talen, og underteikna blir nesten litt rørt.

Ho er ærekjær som få og eit stort muntrasjonsråd! Emilie høyrer til her ho!
— Lars Åge, avdelingsleiar stål

«Eg hadde aldri vore der eg er idag kunnskapsmessig utan Jostein, Hans Olav og Lars Åge. Eg har lært av fleire, men dei er hovudmentorane etter eg kom til Fiskå. Her fins ikkje dumme spørsmål. Dei tek seg tid til å forklare samanhengar til den minste detalj. Eg syns vi alle løftar kvarandre opp. Dei eldste delar kunnskapen sin medan vi yngre spør spørsmål så dei må tenke annleis. Vi blitt sett og høyrt sjølv om vi er unge. Her har blitt skapt eit miljø der ein kan vere seg sjølv. Her er ikkje noko mål om å passe inn. Du er best når du er deg sjølv!» Vakkert oppsummert frå Emilie.

Emilie med plassjef Hans Olav, direktør for utbygging i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik og Cato Dørum, sjefsingeniør i Statens vegvesen, står mellom bruelementa utanfor produksjonshallen på Fiskå. Tore tronar på toppen av eine bruelementet.

Bilete er teke av Per Kollstad, Statens vegvesen

«Emilie har hatt ein vanvitig progresjon sidan ho starta her på Fiskå. Ho er ekstremt dedikert!» kommenterer Hans Olav som er plassjef på Fiskå. Lars Åge stikk hovudet innom og seier: «Ho er ærekjær som få og eit stort muntrasjonsråd! Emilie høyrer til her ho!»

Prosesselskarar. Dedikerte. Strukturerte. Dyktige. Ryddige. Best når ein er eg seg sjølv.

Kva meir kan ein ynskje seg frå kombinasjonen designar og prosjektleiar? Ring oss om du har noko meir på lista.

 
Toril Overå